lørdag, mars 13, 2010

Og slik går no dagane…

Operakvelden var ei flott oppleving. Har du høve til å oppleve opera ein gong, anbefalar eg deg det! Det blir nok aldri min favoritt, men likevel, akk så flott!

Operagalla 005

Eg fekk forresten fylgjande kommentar frå Rosa på forrige innlegg:

det høyrdest spennande og flott ut! Basstrombonisten i luftforsvarets musikkorps er faktisk min barndoms jonsok-brudgom, hihi.
Håpar du kosar deg på konsert!

Operagalla 030

Så då måtte eg berre ta med dette (over) bildet – men er usikker på om det er rett person – då eg fekk høyre etterpå at dei var fleire som bytta på, med nytt orkester frå måndag… Men kanskje?

Operagalla 027

Det er laurdag, det er helg, og ute snør det igjen… Lukka over det høljregnet blei kortvarig. No er veien snødekt igjen, og meir skal det visst bli. Men det blir vel vår ein gong – får vi tru!

Operagalla 014

Eg har holdt meg inne i dag, vaska og rydda hus og kle. Det er rart kva som hopar seg opp. Eg ønskar meg hushjelp ;)

Ynskjer alle ein fin laurdagskveld, med eller utan snø!

2 kommentarer:

  1. hahaha, knallbra Annika! Det er rett mann, ja ;)

    eg ynskjer meg og hushjelp - kvar einaste dag!

    God sundag! :)

    SvarSlett
  2. Hei!


    Eg har ikkje kommentert så mykje no fordi eg har lånt vekk dataen min til Nina ei stund. Håpa du hadde det kjekta da :)!!....

    SvarSlett