tirsdag, april 27, 2010

Før- og no-bilder – gangen vår

No begynner gangen vår å bli så godt som ferdig. Sindre har gjort ein kjempejobb med skraping av tapet, tapetisering, maling, listing og montering av skap og kommodar. Pappa og onkel Kjell ordna golvet, og resultatet alt i alt er kjempekjekt. Eg har hjelpt til eg også då, men utan karane hadde det ikkje blitt mykje…

Dessverre tok eg ingen gode før-bilder, men dei gir iallfall eit lite inntrykk.

image Den gamle tapeten i yttergangen.

image Den var ikkje så enkel å fjerne… Under sat det papp, som tok ganske lang tid å fjerne…

imageHer viser også det litt av det gamle vegg-til-vegg-teppet. Her er tapeten fjerna, men ikkje pappen.

image Tok med dette bildet berre for å vise endå bedre teppet som var i gangen.

Og slik ser gangen ut no, med ny tapet, nye møblar og nytt golv.

April gang 034

Det store vinduet oppover har bytta listefarge frå brun til kvit. Burde nok fått opp igjen gardiner her, men det har ikkje blitt prioritert.

April gang 036Ytterste del av gangen er vanntett golv. Gangen er ganske stor, så vi valte å dele den i to med golv, og er veldig fornøgd med resultatet.

April gang 039Ytterdøra har skifta farge frå brun til kvit innvendig. Det skal bli meir maling på den utvendig, når veret er litt varmare.   

April gang 038Vi har fått plass til to skyvedørsgarderobeskap (over og to bilder over der), ein stor kommode (bilde over), ein litt mindre og eit skoskap. God utnyttelse av gangen, og det er kjekt!

Eg trur farmor hadde likt å sjå gangen også no! (farmors hus)

4 kommentarer:

  1. oi kor fint det vart!! :D :D :D

    SvarSlett
  2. Eg ser at dokke har budd ei stund før dokke bestemte innreiing:) Det er aldri nok skap og hyller, men dokke er på god veg no! Ein må nok kjenne litt på behova før ein klarer å kome opp med det perfekte. Flott gang!

    SvarSlett
  3. Jøss!!! Kjempe fint blei det Annika :)
    Stilig og koselig.
    Ha en fin dag
    Klem

    SvarSlett
  4. Gangen blei kjempefin, så deilig å få ut slike gamle støvsamlande tapet og teper. Her i huset(me og har gammalt hus) er gangen siste prioritet grunna all material som må inn den vegen og opp trappene for oppussing, eller totalrenovering trur eg me kan kalle det... Her er det foresten null skapplass:-S håplaust..

    SvarSlett