lørdag, september 24, 2011

Cute N Cool House i Hjørungavåg

For litt over eit år sidan starta Hege opp Cute N Cool House, og med god hjelp frå mannen Kai Ove (mitt søskenbarn) blei stallen på garden i løpet av hausten gjort om til butikk.

Resultatet har blitt ein kosleg låvebutikk, med mykje varierte varer. 

image

I tillegg har Hege nettsida www.cutencoolhouse.com og oppdaterer facebook-sida til Cute N Cool House dagleg. For dei som bor litt lenger unna enn meg, er det fullt muleg å bestille frå nettsida pr epost, og få tilsendt i posten. Hege sender over heile landet.

image

Desse koppane er blant min favoritt på Cute N Cool, men der er utruleg mykje anna fint også. Anbefalar deg å ta ein titt!

God laurdagskveld!

1 kommentar:

  1. Såg ut som det var masse fint der, ja! Og så må eg jo berre smile litt når eg ser Hjørungavåg, med jobbreferansar i bakhovudet ;)

    Håpar du har hatt, og framleis vil ha - ei god helg!

    klem

    SvarSlett