torsdag, januar 19, 2012

Influensa og snø

Ute dalar det ned lett melis. Bakken er kvit, med grastustar som stikk opp overalt. Eg sit inne i sofaen, med pledd og gode tjukkelestar, som forresten har fått eit ufortent hol i seg, ser eg. Influensaen har banka lett på i Leite, så eg har vore heime frå jobb. Tjukkelesten skulle eg nok bøtt. Skal tru kor sysakene mine er?

Politikarane i Hareid har fått seg eit nytt verkty, nemlig lesebrett i staden for å få sakspapir på papir i posten - og det er dette eg sit å gjer meg litt kjend med no. Eg merkar det blir uvant å ikkje ha papir å blade i. Ikkje papir å notere på. Men du og du så mykje lettare å pakke med seg denne, i staden for 403 sider papir! Det var omtrent mengda med papir gårsdagens møte bestod av!

Bildet i dagens innlegg er frå galleriet til lesebrettet. Måtte berre teste litt.

Ynskjer alle ein god dag - og om fleire har influensa på besøk; GOD BEDRING!


3 kommentarer: