fredag, juli 02, 2010

Ein kan ikkje klage…

…når arbeidsdagen inneheld utflukt både til Flø, lunsj ute og ein frisk båttur til Borgarøya – og alt dette i strålande solskin.

Sommar-015 Flø feriesenter. Her ein plass skal Vamp ha utekonsert i august. (Billettar finn du på sjoborg.no).

Sommar-034 Ein av dei som åt lunsj samtidig med meg i dag…

Sommar-042

På tur til Borgarøya

Sommar-080“Gammaldass” som han sa ein av karane på Borgarøya i dag – han er frå Eritrea, og sa dei kalla det heiter “dass” der han kjem frå.

I morgon skal eg ha ein feriedag, og det skal vere utdrikkingslag til søskenbarnet mitt :) Eg regnar ikkje med ho tittar innom bloggen her, men uansett veit ho om dagen, men ikkje kva dagen vil bringe. Skal ikkje avsløre noko her, men det kjem vel nokre bilder etterpå.

Ynskjer alle ei god helg, og håper det er sol der du er, og at ho vert verande, både her og der!

2 kommentarer:

  1. Kjekt med slike dagar:) Eg veit om eit utdrikningslag til, men det er hemmeleg...;) Pøh, han er nok ikkje innom her...

    SvarSlett
  2. Ønska dej ei riktig god helg! :) og håper været held seg ei stond ja! :) Va godt å kjenne sola varme igår!

    SvarSlett