mandag, januar 09, 2012

Fantastiske Klara ♥

Dagens innlegg blir via til Klara, og det ho var så opptatt av – sei ja til organdonasjon.

Fantastiske Klara døde 09.01.11. Eit år sidan i dag. Eg er takknemleg for at eg fekk bli kjend med Klara, via hesteforum, og også fekk møte ho.

image

Bildet er lånt av Christin Jordbrudal.

I dag vil eg oppmode alle som ikkje har tatt standpunkt til organdonasjon om å bruke nokre minutt på å snakke om det med sine nærmaste. Og dei som alt seier ja til det, må gjerne også snakke om emnet med fleire!

Klara fekk nye lunger, men kroppen hennar tolte ikkje den kraftige infeksjonen etter transplantasjonen. Dessverre er det mange som ikkje kjem så langt at dei får transplantasjon, dei dør i køa. Derfor er det viktig med fokus på organdonasjon.

Fjorårets innlegg om Klara med linkar til Organdonasjon-innlegg m.m. finn du her.

Må også ta med ein artikkel frå i dag, frå NRK Telemark; Organdonasjoner øker – flere eldre givere enn før. Det nyttar med fokus på saka!

.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar