søndag, januar 06, 2013

Januarsal med innlagt sosialisering

Det var godt med ei kort veke på jobb etter rangling i jula!

20130104_081039

Ooops! Helsing Pippi.

Laurdag nytta vi høve til å få med oss litt januarsal. Vi har lenge skulle hatt litt meir sitteplassar i stua – faktisk frå før vi flytta hit, og kjøpte også ein stol på Ikea, men den visste seg at dei ikkje hadde på lager, så den kom ikkje likevel.

Men i går fann vi oss både stol og tv-benk til stova nede.

Etterpå møtte eg Marte for litt shopping, men mest vindusshopping, og ein kosleg kafedate på Nabolaget i Volda.

Bildet over er lånt frå Facebook-sida til Nabolaget.

20130105_165646

Når vi følte dei skulle til å stenge på Nabolaget (ingen opningstider å finne), tok vi oss ein biltur til Åmdalen, og fekk sett nyehuset til Janita og familia. Tida flaug avgårde, og det blei sein kveld før eg kom heim, men jammen kjekt å kombinere januarsal med så mykje kjekke folk!

No skal jula ryddast ut, før eg skal ein tur på jobb på Sjøborg; konsert med Sunnivakoret, Ytre Suløen og Tricia Boutee.

God søndag!

5 kommentarer:

  1. godt nytt år annika :) jeg får ikke lagt til vilder på bloggen :/ derfor ingen innlegg....
    klem fra en forvirret haldenser...

    SvarSlett
  2. Veldig kjekt å ha besøk av dokke! :)

    SvarSlett
  3. Hei, svar på spørsmål om broddar: Dei funkar, eg har eit par sjølv, brukte dei siste skuledagen før jul når vi skulle gå til og frå kyrkja. Enkle å ta på og av, og dei bit seg faste i isen. Fine og rosa er dei også, ei av mine gode kollegaer lurte på om der var Hello Kitty-bilete på dei:)

    SvarSlett
  4. Check Out Your URL Dior Dolabuy check here more tips here this link see this page

    SvarSlett