søndag, november 15, 2009

Ålesund og Dagfinn Lyngbø

Først – gratulerer så mykje med dagen til både Liv Jorunn og Marianne i dag!

Det har vore ei herlig helg, som brått er over. Kunne gjerne ha hatt minst ein dag til med helg altså…

Å bevege seg inn på Moa få veker før jul er nesten som ekstremsport å rekne, iallfall når det i tillegg er ein laurdag – då er køene nærast tjue meter lange, det er nesten sånn det vert litt sjarm av det heile! Truleg er det siste laurdagen eg tør meg inn på Moa i år, eg blei stressa berre av å gå i gangen. Men vi fekk no kjøpt eit par julegåver og litt kle, så eg er nøgd likevel.

Dagen før Moa-besøket, var vi kulturelle i Ålesund for ein gongs skuld. Det er ikkje så ofte eg prioriterer å gå på show eller konsertar andre stadar enn Ulsteinvik (dessverre?), men når Dagfinn Lyngbø var i Ålesund, og han ikkje vitja Sjøborg i same runde, bestemte vi oss for å bestille billettar til showet hans; Evolusjon.

imageBildet er lånt her.

Mannen er morosam! Han er dyktig! Og han kjem med gode poeng! Og han har med ei dyktig lysteknikar på turneen;o) Dessverre var det noko dårleg lyd, så til tider blei det anstrengande å få med seg alle poenga, men alt i alt var det ein kjekk og vellukka kveld saman med kjekke folk!

Ei ny veke står for døra no, og det er sikkert lurt med litt søvn før den tid! Derfor avsluttar eg no!

Ynskjer alle ei god veke! Kanskje blir det litt blogging igjen i løpet av veka…

torsdag, november 12, 2009

Lea har fått att grimene sine!



Eg skreiv for ein liten månad sidan at Lea sakna grimene sine. No har ho fått dei att:)

onsdag, november 11, 2009

Huff, dårleg med oppdateringar

Eg har blogga den siste veka, MEN blogginga har skjedd på bloggen til Sjøborg

Vi har vore utan nett dei siste dagane heime, så det er litt av grunnen, i tillegg til lite spennande å blogge om.

Satsar på å kome med eit lite blogginnlegg i kveld.

404

mandag, november 02, 2009

Lea er friskmeldt!

image For dei som ikkje les hestebloggen min fast, men likevel har fylt litt med på Lea si sjukeperiode i sommar, kan eg no fortelle at Lea er friskmeldt!

Om du vil lese meir, kan du titte på bloggen til Lea.

onsdag, oktober 28, 2009

Tapetisering i gangen

Det siste året *kremt'* har gangen litt etter litt blitt fornya. No er det tapetiseringa straks ferdig – flinke Sindre! Då gjenstår berre listing.

Eit par bilder av Sindre i arbeid frå i går

Oktober 016Oktober 019 Oktober 021   Oktober 025

Trangt under trappa ja! Godt Sindre er både mjuk og tolmodig ;) 

Og trappa ser omlag slik ut no:

Oktober 023Der er litt meir tapet på veggen her også no då, men dette var for å vise sjølve trappa, som har fått nye innlegg i trinna, og ny farge. 

Eit lite glimt frå Brandal:)

Når eg har tid og gidd å leite gjennom bilder på den eksterne harddisken, skal eg prøve å lage litt før og etter-innlegg ;)

På jobb igjen

image

Eg er heimom ein liten tur, før eg fyk ut døra igjen på jobb. Det er teater på Sjøborg i kveld. Presidentinnene, eit spennande, men lite kjent stykke. Håper der kjem litt folk! (www.sjoborg.no)

Ynskjer alle ein flott kveld.

tirsdag, oktober 27, 2009

På tide med eit livsteikn…

Tida flyg. Det er over ei veke sidan eg har posta på bloggen. Veit ikkje heilt kor den siste veka har blitt av. Men av og til blir det slik…

Vår 2009 008-red

No sit eg å kikar gjennom bilder frå 2009, eg hadde nok spart meg for mykje “arbeid” om eg la vekk kameraet for godt. Men det er så kjekt med bilder, at det er heldigvis ikkje eit alternativ.

Vår 2009 319

Eg må berre finne ut kva eg skal bruke alle bilda til i år ;o) I fjor blei det Mitzi-kalendar av nokre av alle dei 143.505 bilda av Mitzi gjennom 2008. Kva det blir i år, får tida vise. Det er heldigvis endå litt tid til jul, om eg skal bruke nokon av bilda til ei gåve eller tre!

Vår 2009 697-red

På jobb har den siste tida vore prega av Carola-feber. Vi har solgt ut fire fulle hus i løpet av veldig kort tid, og fortsatt kunne vi nok solgt både ein og to konsertar til, men det vert ikkje fleire i år. Ny sjanse neste år.

Carola kjem altså til Sjøborg i Ulsteinvik, i tillegg til Oslo og Lofoten i Noreg, og nokre stadar i Sverige, på juleturne. Det blir nok ei kjekk oppleving for alle dei 1900 som har fått sikra seg billett. Billettane til konsert 3 og 4 blei revne vekk på tre minutt… Det er berre heilt vilt for oss på kontoret å oppleve… Kjekt, men vilt ;o)

I morgon er det teater på Sjøborg, fredag er det konsert på Viking en og laurdag er det konsert på Sjøborg. Heldigvis mykje spennande og variert i haust også. Kik gjerne innom nettsida til Sjøborg for å sjå heile prgrammet.

Vår 2009 030 På søndag stilte vi klokka ein time tilbake, vinterstid, og dermed mørkt ein time tidlegare ute. Det føltes veldig greit å ha ein time ekstra i døgnet på søndag då, så det kan gjerne innførast kvar helg…

Men no er det nok på tide å få litt søvn på auga.

Ynskjer alle ei fortsatt fin veke!

mandag, oktober 19, 2009

Middag på Vartdal

I anledning Ann-Maria sin bursdag tidlegare i veka,
inviterte ho til middag på Vartdal på fredag.

vartdal

Ein kosleg ettermiddag med kjekt selskap og god middag.
Tusen takk, AM! Og takk for kjekt selskap til resten! :)

Abel Elias og Martine stjal sjølvsagt showet, og spesielt Abel skulle sjarmere mest muleg, noko som tek på for ein liten kropp.
Håper han fikk seg ei god natts søvn etterpå:)

På fotomontasja:
Øverst: Martine demonstrerer hesten sin, medan Abel hoppar og showar litt. Nedst: Liv Jorunn låner (litt motvillig/skeptisk) Abel, Janita og Abel, og Ann-Maria og Martine.