Viser innlegg med etiketten PHOEBE. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten PHOEBE. Vis alle innlegg

mandag, juli 07, 2008

Mine gode firbeinte i Brandal

I desse dagar nærmar det seg to år sidan eg fekk Phoebe og Mitzi. Og det var to nydlige vesen eg fekk bli kjent med. Dessverre forlot Phoebe oss altfor tidleg, men eg har heldigvis mange gode minner og bilder av ho, og Mitzi har nok plukka opp eit og anna av Phoebe.

Nokre bilder frå september 2006
Photobucket
Phoebe ser hjortar

Photobucket
Posere litt

Photobucket
Sjå kor lita Mitzi var...!

Photobucket

Photobucket

torsdag, juli 03, 2008

Dagens bilder

Desember 2007
Eit av dei siste bilda av meg og Phoebe saman.

Sidan eg har 1.769.203 bilder på maskina mi, tenkte eg at eg kunne bruke dei til noko. Så då blir det litt "gamle" bilder på bloggen frå tid til anna.
Mitzi slappar av!

søndag, januar 27, 2008

Eit lys for Phoebe:)


Komande måndag har Phoebe vore vekke i 6 veker, og håpet mitt om å finne ho i livet er no minimalt, spesielt etter gårsdagens opplevelse...

Eg fekk ein telefon i går frå ei sambygding, om at ho hadde sett ein død katt lenger nede i bygda. Når vi kom frå jobb, stoppa vi for å sjå om det kunne vere Phoebe. Sindre gikk bort først, eg var ikkje tenkt å sjå, trudde eg. Men Sindre var heilt still, berre kika nøye på katten. Så eg blei nysgjerrig, måtte berre sjå. Håpte sjølvsagt det skulle vere heilt klart at det ikkje kunne vere Phoebe, eller om det kunne vere ho, håpte eg det skulle vere heilt sikkert at det var ho, men det var vanskleg å sjå. Det var tydleg at katten hadde leie der ei stund, våt i pelsen og delvis hakka på i ansiktet, så det var veldig vanskleg å sjå kva katt det var.


Men både pelslengd, størrelse og fasong stemte med Phoebe, det vi kunne sjå. Fargen på pelsen var vanskleg å sjå, men den kan nok også stemme med Phoebe. Så sjansen for at det er ho er nok ganske stor. Dessverre.
Sidan katten låg ved sidan av bilveien, har den nok blitt påkjørt av ein bil, men der var ingen ytre skade å sjå, anna enn som sagt at ansiktet var hakka på.


Er mange eg skulle fortalt dette til, men eg har ikkje klart skrive melding om det, for eg orkar egentlig ikkje prate om det, då kjem berre tårene,slik som no. Skriv heller ein kommentar her til meg:)


Sov godt pusen vår!

Det var først no etter å ha lest innlegget mitt tre gangar at eg såg at bildet av lyset og bildet av Phoebe er teke på nøyaktig samme plass...

søndag, desember 23, 2007

GOD JUL og sakna pus!!

Rakk aldri skrive ferdig innlegget eg starta på lisje-julafta.
Så då får eg seie fortsatt god jul til alle saman!
Håper julekvelden var fin og nissen var snill med alle.

Her var det ein fin julekveld, Mitzi leita etter spennande pakkar, og elles var det veldig mykje fint i pakkane som var til oss tobeinte også.

Dessverre var det berre Mitzi som var her - Phoebe har gått på tur, og vore vekke lenge - over ei veke no, forsvant forrige mandag. Er det nokon som har sett ho, må dokke seie frå. Men aller helst har ho vel tatt seg ein tur til skogs, får berre håpe ho har tenkt å komme igjen.
Eit par bilder av den sakna frøkena:





tirsdag, desember 04, 2007

Førjulsvasken?

Phoebe plaskar i vatnet/skummet. Men slutta sjølvsagt akkurat når kameraet kom fram...

Baaalansere:o)

Titt, titt!

Når ein liten pus skal ut å gå...
...er det mange innfall ein kan få:o)
Fin utsikt?
Det her såg spennande ut...

Nei, tryggast å gå ned, kanskje?

Mitzi er nysgjerrig på kva som skjer...

Nei, det var litt kjekt her oppe likevel!

Ganske fint å sitte, i grunnen.

Skue utover mitt rike!

Hadde berre mennesket mitt slutta å knipse, så eg fekk nyte det då...

Nei, no er det nok!