søndag, mars 28, 2010

Organdonasjon – sei ja!

Ingen veit kva morgondagen bringer!

image

Heilt sidan ei venninne av meg blei sjuk av nyresvikt i 6. klasse har eg tenkt over dette med organdonasjon.

Etter å ha blitt kjent med Klara har dette temaet blitt endå meir snakka om, og meir aktuelt å tenke på. Eg håper alle som les her no, tek stilling til spørsmålet om organdonasjon, rettare sagt seier ja til organdonasjon, og fortell sine nærmaste om standpunktet.

Det kan vere fælt å tenke på at ein skal ta stilling til noko slikt, for ein vil jo ikkje dø, men om ulukka først skulle vere ute, så treng ikkje eg mine organ lenger. Då kan mine organ gi liv til fleire som verkleg treng eit nytt organ, for å overleve.

Les gjerne på www.organdonasjon.no og fyll ut donorkort, om du ikkje allereie har!

Oppfordrar også fleire til å blogge/prate om temaet! Håper du tek utfordringa, og skriv/fortel fleire om organdonasjon og ditt standpunkt :)

Ingen veit kva morgondagen bringer!

1 kommentar:

  1. Jaudå, linser i lausvekt får man kjøpt, men e aldri noken som he mine styrker på butikken...
    Elles tykkjer eg organdonasjon er ein fin, men skummel ting...

    SvarSlett