fredag, april 27, 2007

Kor blei veka av?

Så var det helg på ny, men kor denne veka har blitt av, lurer eg på...
Fredag var eg og Anca på Vikingen, spelte biljard og var med på Quiz.
Gratulerer med 2-0 Anca! Svartekula er ikkje min ven...

Laurdag grilla vi i Volda, og var på Rokken ein tur, og sidan har veka gått slag i slag med jobb og møter, til eg blei sjuk i går. Litt feber, men det skal vel gå over like fort, får eg håpe. No er det iallfall langhelg, og det skal bli skjønt! Kanskje eg rekk ein tur i løpet av helga...

Forresten så trur eg Phoebe og Mitzi deltok i sin første slosskamp i går, kven med, og kven av dei, veit eg egentlig ikkje. Men der var heftig med hår på trappa, og begge forsvant. Mitzi kom raskt tilbake, men Phoebe kom ikkje før nærmare midnatt. Heldigvis uskada. Håper også nabokatten var uskadd, men lærte at det er deira trapp no, kanskje...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar