tirsdag, juni 12, 2007

Hage, sjuk og Ulsteindagar

Ei god stund sidan eg har skreve blogg no. Har vore hektisk på jobb, og nydleg ver ute, så pc har blitt ganske nedprioritert. No er ikkje eg sjuk lenger, men Sindre har blitt sjuk:(

Ein av dei første fineversdagane testa Sindre ljåen. Den knakk den - og nei, den var ikkje i bakken;)
Trampolina til naboen er ganske fristande. Det syns Mitzi også:

Det kjekkaste var visst å "ake" på den.

Men trur ikkje Sindre tolte all den friske lufta den dagen, det blei feber på kvelden, og han er fortsatt sjuk:( 2 veker sidan...
God bedring, kjære!


Endleg var det klar for opning av Sjøborg kulturhus, forrige veke. Samtidig som det var Ulsteindagar. Det var ei fantastisk veke, med nydleg ver, topp stemning, mykje folk og mange vellukka arrangement! Opningsfest, Kardemomme by, konsert med Erik og Kriss, Gospel 07, Silje Nergaard, Ulstein Storband, ballett og Ulstein Ten Sing.

Ungdomsrådet m.fl. arrangerte Rånebiltreff på laurdagen under Ulsteindagane. Fredrik Steen og Ørjan Liavåg/Leif Per stod for underholdninga/var konferansierar. Senatoren til Asgeir var drosjebil til Leif Per. Her er eit utval bilder, tatt av Gunnar Wiik (det første) og Ingvild Måseide/VBVP.






Ikkje så ofte eg har med kamera fram til Sugar, men fekk tatt eit par bilder av ho i går, så eg syns må få bli med her.
Og traktoregg på markane på Bjåstad:






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar