søndag, oktober 21, 2007

Helga går fort...

Så var det søndag kveld att, og det er snart ny arbeidsveke. Har vore ei innoldsrik helg, har fått gjort mykje, om enn kanskje ikkje akkurat det som eg tenkte gjere då...

Fredag sovna eg på sofaen kl 19, og sov faktisk til laurdag morgon... Så det var den kvelden;)

Laurdag fekk eg endeleg att bilen min frå verkstad, etter understellsbehandling (herleg ord). Tenkte meg berre ein rask tur innom kinoen, men der blei eg verande, så eg fekk sett Rottatouille. For ein herleg film:)


På vei heim hørte eg ein ulyd i bremsene mine, så då måtte eg rådføre meg litt med herr bilekspert. Asgeir sjekka, men fann ikkje noko gale. Har nok komt litt tectyl inni ein eller annan stad, men i dag er heldigvis lyden borte (trur eg iallfall;))

Men eg kunne no ikkje gi meg med ein film denne dagen, såg Tatt av kvinnen på kvelden, ein morsom og bra norsk film:)

Plakaten er egentlig ganske beskrivande for filmen:)

I dag går årets TV-aksjon av stabelen, og eg har vore bøsseberar i Brandal. Etter å ha møtt mange givarglade folk, tok eg meg ein tur på kafe på Pakkhuset. Var hjortegryte på bedehuset også, men den stod eg over.

Photo Sharing and Video Hosting at Photobucket
Dagen gikk fort, og eg hadde endå ikkje vore i stallen å trimma min gule venn, Frank. Kom i stallen i sekstida, og møtte mange kjekke og blide jenter. Henta inn Frank frå paddocken og strigla han, etter litt funderingar, fann eg rett sal, sala opp og reid ut. Hadde allereie vorte godt skymt, men utstyrt med refleks tenkte eg det gikk greit å ri langs veien. Var litt i stuss om eg skulle ri på tur eller bane, men enda opp med ein roleg tur framover. Vi møtte eit par "kjøttetande" raude papirposar, men elles gikk turen heilt fint. Frank vil gjerne ha viljen sin, men det skal ikkje mykje overbevisning til, så hører han på meg:)

Dette blei jammen ein lang blogg. No skal eg lage meg risengrynsgraut, og så er det kvelden... Sindre er fortsatt på jobb, men det nærmar seg vel at siste film er ferdig no...?:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar