onsdag, februar 20, 2008

Reisekrøll


I dag skulle vi på kulturkontoret på møte i Molde, saman med resten av kulturhusa i fylket.
På ein slik morgon er det vakkert å kike utover Sulafjorden iallfall. Knipsa eit raskt mobilbilde...

Planen var å reise klokka 08.00 frå Hareid, og det hadde gått heilt fint det, hadde ferja gått... Dessverre var det kaikrøll på Sulesund, noko som resulterte i at ferja måtte til Solavågen, og det tek dobbelt så lang tid. Vi kom ikkje med halv-åtte-ferja, som vi kasta oss rundt for å rekke, men der var det stappfullt, så vi venta og venta. Klokka 09.00 kom ny ferje... Då reiste vi på jobb i staden... Viss ikkje hadde vi nok vore framme på Molde omtrent når møte skulle avrundast...;o)

Nesten ein liten "bonusdag" på kontoret, sidan vi hadde kalkulert med å vere vekke...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar