lørdag, februar 09, 2008

Vartdalstur

Fredag inviterte Ann-Maria til jentekveld på Vartdal med god mat. Eg tenkte ikkje over å ta eit einaste bilde, det var no litt dumt, men, men.. Var iallfall veldig kosleg å sjå igjen AM - lenge sidan sist. Eg haika med Liv Jorunn frå Ørsta og tilbake til Rjånes. Sindre var i skibakken samtidig.

Skibakken stengte kl 21, og ferja gikk kl 21.30. Trudde aldri Sindre skulle rekke det, så eg tok det med ro på Vartdal... Men 10 på halv ringte Sindre å sa han var i Ørsta (jada, flink å lure meg!!!)
Vi rakk ferja då... Litt flaks skal vi ha, og snilde ferjefolk, så lenge ferja fortsatt er der, dei venta 1,5 minutt:o)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar