mandag, mars 17, 2008

Besøk av equiterapeut og veterinær

11. mars 2008
Litt treg ute med oppdatering, denne høyrer egentlig til tysdag 11. mars, og sidan eg har skreve etter det, kan eg heller ikkje jukse med datoen.

Eg stod opp til vanleg tid, men i staden for å reise på jobb, kjørte eg gjennom den flotte nye tunnellen, og susa meg til Hovden flyplass for å plukke opp equiterapeut som kom frå Bergen. Sugar var nemleg første stopp for equiterapeuten, deretter eit stopp på Hjørungavåg, før ho fekk å henge fingrane i i Volda og Ørsta.

Photobucket
Kjersti undersøkjer...

Photobucket
Sugar syns det var heilt greit...

Fann ei "nesten-låsing" i ryggen, litt skeiv virvel, og stiv bog på høgre side. For å behandle, fekk Sugar på seg magnetdekken først, i 20 minutt.

Photobucket
Var litt kjedlig syns Sugar, men ho tok det med knusande ro, egentlig.

Etterpå blei ho tøyd og trykt på plass. Bilda blei litt "raude" for eg ikkje heilt har lært meg innstillingar endå, og eg tok utan blits for å ikkje forstyrre verken to- eller firbeinte.

Når Sugar var ferdig behandla, fekk ho på seg eit varmande dekken, og blei plassert i boksa si, til neste besøk den dagen... Og eg leverte equiterapeut Kjersti vidare til Jeanette og Zelda på Hjørungavåg.

Seinare på dag fekk nemleg Sugar besøk av veterinær Henriette. Sugar har nærmast kronisk hornhinnebetennelse, så veterinær Henriette ville ta prøver for å finne ut kva det er for noko. Også det tok Sugar egentlig med knusande ro. Vet'en trudde kanskje ho måtte dope Sugar, men det slapp ho, måtte berre lokalbedøve auga, slik at ho ikkje fekk late den att med sitt tredje augelokk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar