tirsdag, august 05, 2008

Regnver og klesvask

Kvifor er det ofte slik, at det berre MÅ kome ei skyllebøtte frå oven når eg har hengt ut klesvasken? Så stoppar det, og detklesvask ser ut til å bli god klestørk igjen. Fem minutt før eg går for å ta inn dei då omtrent tørre kleda, kjem det nye dråpar frå oven. No sit eg å tel på fingrane om eg skal ta inn klesvasken, å putte den i tromlen eller satse på at det held seg opplett nokre timar og eg rekk å plukke  den inn før neste byge?

Det er sikkert sunt for kleda med litt ekstra vatn ;o)

Bildet er lånt frå www.gronnhverdag.no.

1 kommentar:

  1. Dette høyrdest veldig kjent ut!!Men takk og pris så har eg eit kjempestort tørkeloft der det er plass til 7-8 klesvaskar :-) Så i det siste har det hendt at vi har flytta kleda opp dit etter nokre dagar med vått-nesten tørt-vått ute :-D
    Veit ikkje kva eg skulle gjort utan det, beste med heile huset trur eg.

    SvarSlett