lørdag, september 20, 2008

Postkassestativmerking?

Sommar08 027Her ein dag oppdaga vi plutsleg at nokon hadde "dekorert" postkassestativet vårt med tal, skrevne med svart sprittusj.

Dagen etter såg vi også at det same vaSommar08 030r skjedd på postkassestativa lenger nedover Indredalen. Ikkje var det særleg fint, og ikkje klarer vi å forstå kven og kvifor? Er det nokon som har ei forklaring på dette?

7-8 gangar var stativet vårt dekorert med "110". Nabostativet var dekt med "100" og eit anna stativ var dekt med "60".

Er det Posten som skal merke på noko vis? 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar