søndag, oktober 05, 2008

Det er haust, det nærmar seg vinter

dsc00249Vi har hatt ein fantastisk seinsommar og tidleghaust. Vi har blitt utskjemt med både godt oppholdsver og fine temperaturar, og det er faktisk litt deilig å kunne sitte inne, slappe av på sofaen, og kike ut på regnet. Evt kle seg med gode regnkle, og spasere ein tur i regnet, medan ein høyrer regnet knitre på dei gode kleda.

I dag er ein slik dag, eg og katten sit på sofaen, og ser ut på det koslege haustregnet. Min kjære er på jobb,medan eg laddar batteria til komande arbeidsveke.

Og det endlege beviset mitt for at det nærmar seg vinter, kom då eg skulle i stallen i dag, og ikkje klarte å finne varmen. Eg har leita opp sudsc00239perundertøy, og hadde årets første stillongsdag i dag! Eg høyrer også rykter om nysnø i fjella her og der. Berre vi får litt variasjon med ver og temperatur, likar eg denne årstida!

Tidlegare i veka fekk vi også påfyll på oljetanken, så vi er sikra ein varm innevinter. Godt å vite at det er i hus, sjølv om det visste seg at vi har større tank enn eg trudde,så tanken er ikkje full... Men det får vi gjere noko med seinare:o)   

1 kommentar:

  1. Hallo...fin blogg du har og mange flotte bilete på dei andre bloggane dine.
    Ser du har fått oljen i hus. I år valde vi å installere varmepumpe, så no er vår 800 liter tank i hagen tom....så får me sjå om pumpa kan kompensere.

    Ha ei fin veke!

    SvarSlett