mandag, oktober 27, 2008

Ei veke på Hjørungavåg

lea2

Lea har vore på Hjørungavåg ei god veke no, og det har vel regna sidan ho kom...  Hestebloggen for Lea si første veke på Hjørungavåg kan lesast på hest.no-bloggen min.

Det har naturlegvis blitt mykje tid i stallen i det siste, og dermed mindre tid til andre ting, mellom anna blogging, så blogginga vert nok litt i rykk og napp her.

Vinterdekka har komt på bilen, og ute sluddar det. Snøen har lagt seg langt ned i fjella her, og eg har fått rapport om snø i indre strok...

Skademelding på skaden på begge bilane etter trampoline-besøket vart sendt tidlegare i dag, i morgon kjem takstmann innom Hareid for å sjå på skadene, for det blei dessverre litt meir skader enn eg først håpte... Så får vi sjå kva forsikringsselskapa seier...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar