lørdag, november 15, 2008

Molde

I går var ein lang dag, men ein utruleg bra dag også. Sjølv kor travelt ein har det på jobb, gjer det seg med eit lite avbrekk frå kontoret, og i går var nettopp ein slik dag.

Bildet er lånt frå Quality Hotel Alexandra si nettside. Spisesalen var i vakker og kosleg stil.

Eg var i Molde i anledning Ungdommens Fylkesting 08, som starta i går. Her er to representantar frå kvart ungdomsråd i kommunane i fylket samla for ei helg med fokus på ungdomstilbodet i fylket. I går var også ein del koordinatorar frå kommunane samla, og deriblant meg.

Dagen var som sagt lang, men den ga også mykje. Det å sjå så mange flotte og engasjerte ungdommar, klare og spente for helga, er så flott! Men også det å få møte andre med same oppgåver som meg i høve ungdomsråd, og få utveksle erfaringar, samt planlegge litt regionalt framover. Eg gler meg!

Må også nytte høve til å sende ei lita helsing til Kristin som eg traff blant koordinatorane. Det var veldig kjekt at du "ga deg til kjenne"! Det visste seg nemleg at ho hadde vore innom bloggen min før, via Tove sin blogg. Kanskje kan eg håpe at Kristin etterkvart tek steget og bloggar litt sjølv også, for no er ho berre ein ivrig lesar. Håper vi får sjanse å møtast ved eit seinare høve også, for koordinatorsamling var verkleg inspirerande!

1 kommentar:

  1. Hei igjen, artig å treffe deg fredag. Såg med ein gong at deg hadde eg sett før - på nett! Snodig fenomen at vi kjenner kvarandre sjølv om vi eigentleg ikkje kjenner kvarandre! Ja, kanskje det blir blogg på meg og ein gong, foreløpig har eg nok med å surfe innom alle dei flotte bloggane eg har oppdaga det siste året. Er imponert over alt du og andre bloggarar får til! Lykke til vidare - vi møtest ved neste korsveg! Kristi

    SvarSlett