onsdag, desember 24, 2008

God jul til alle!

Det har vore litt stille på bloggen dei siste dagane... Det har blitt veldig lite bloggtid, og det ser eg egentlig går igjen hos fleire. Slik blir det vel gjerne i dagane før jul...

No er det jul her iallfall, og den feirer vi på Rovde i år. Pakkane er på plass under treet, ein god og sein frukost er på plass i magen. Julemiddagen er på omnen, fyr i peisen og min kjære og systra skiftar på å underholde med trekkspel og piano:)

I morgon skal vil attende til heimen. Då er det juleselskap med mange frå slekta på Ishavsmuseet i Brandal:) Og det blir vel gjerne meir av juleselskap og liknande i løpet av jula:)

Vil ynskje dokke alle ei god jul! Håper de får ein fin julekveld, med godt selskap, god mat og kanskje nokon kjekke pakkar under treet!

Ein ekstra tanke går til dei som har mista ein av sine kjære det siste året. Eg er heldig som har ei god jul i år...

Til slutt ei lita oppfordring - husk å sorter julepapiret i kveld! Ikkje alt skal i søpla. Det glansa skal i restavfallet, medan gråpair og liknande kan du putte i papirdunken:)

1 kommentar: