søndag, desember 07, 2008

Julegåver...

Eg er ikkje så veldig kreativ av meg når det kjem til å lage f.eks. julegåver, men endeleg kom eg på noko eg også kan lage... Så i dag har eg pusla litt med julegåve til nokre i slekta:) Kan ikkje avsløre kva det er her - ikkje enda iallfall.

Kva lagar du sjølv? Eg skulle ønske eg hadde meir tolmod, og kunne lage alle gåvene sjølv, men nokre er bedre enn ingen iallfall=)

Håper alle har hatt ei god helg, og er klare for ei fin arbeidsveke. Vi får besøk av Bjørn Eidsvåg i morgon, på Sjøborg. Fortsatt billettar att ;)

Med ynskje om ei god veke til alle!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar