søndag, januar 04, 2009

Eit fascinerande knust glas

Då vi plukka ut av oppvaskmaskina i går, fann Sindre denne glasringen, og lurte på kva det var. Eg såg ganske raskt kva det var, men likevel fascinerande at det er skjært så beint!

Bursdagsfeiring 130 Bursdagsfeiring 131 Bursdagsfeiring 132

 

Her er glaset som glasringen kjem frå. Kan du sjå at det er skada? Lyset i blitsen gjer faktisk at det er enklare å sjå på bildet enn i verklegheita. Bursdagsfeiring 133

Og her er glaset saman med eit uskada glas, ikkje lett å sjå at det er noko annleis på det eine...

Bursdagsfeiring 134 Bursdagsfeiring 135 Bursdagsfeiring 136

Og ja, eg blei så fascinert over det skadde glaset, at eg rakk ikkje bli lei meg over eit tapt glas. Men eg har kanskje lært at det ikkje er så lurt å ha Hadelandsglasa i oppvaskmaskina? Trudde dei skulle tole det egentlig, men eg hugsar kanskje feil;)

2 kommentarer:

  1. Fascinerande! Hadelandglasa toler heilt klart å stå i oppvaskmaskina, men det kan hende at akkurat det glaset har vore eit måndagsglas som hadde ei svakheit? Eller at det har stått i press på eit slags vis? Slike glas har det best om dei ikkje tek borti andre glas i maskinen. Dei treng litt rom rundt seg.

    No veit du i allefall kva du skal ynskje deg til neste bursdag!

    Tove

    SvarSlett
  2. oi, så utrolig merkelig knusning av glasset. Lurer på hvordan det har gått til inni oppvaskmaskinen ja. Vi har samme type glass, og de kjøres i maskinen alle sammen. Rødvin som hvitvin og farris glass. Hvis ikke de kunne gått i oppvaskmaskinen, så hadde de ikke blitt brukt. *ler*

    SvarSlett