fredag, februar 13, 2009

Melodi Grand Prix - sending frå Ålesund

I morgon er det MGP-sending frå Ålesund, og det vert sikkert stor stas. Eg har ikkje sett dei tidlegare sendingane, men i morgon har eg planar om å få med meg sendinga.

Og mykje av grunnen til det, er desse to jentene frå Hareid:

Bildet er lånt frå Vikebladet.no.

Eg var så heldig å få sjå Ingrid Brubakk og Maria Håbakk Rise på UKM 08 med sangen dei skal framføre under pausa i MGP-sendinga i morgon, og det er egentlig ganske imponerande at dei har skreve sangen sjølve, har koreografi på den, og slik ei utstråling:o) Eg ynskjer jentene mykje lukke til! Heia Hareid!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar