fredag, mars 27, 2009

Helg - iallfall for ei lita stund

No er det helg! Men sidan det vert jobb i morgon, er ikkje eg heilt i helgemodus. I morgon står Vamp-konsert på planen, ikkje berre ein, men faktisk to - og vi gler oss sjølvsagt:) PS. Der er fortsatt litt billettar att til første konsert, kl 18.00. Sjekk www.sjoborg.no om du blir frista!

Sofaen er inntatt for kvelden, mykje kjekt på tv, og litt surfing inni mellom. Merkleg nok har laddaren til pcen vore venn med meg både i går og i dag... (jf tidlegare innlegg). Redd for å bli utskifta?

I dag har Julianne, eg og Lea vore på bana. Julianne skal ri Lea litt framover, forhåpentligvis finn ho ut at ho har tid 1-2 dagar i veka på det jamne, så eg slepp å ha så dårleg samvittigheit når dagen ikkje går opp pga jobb eller møter...

No skal vi sjå Norske Talenter, og få med oss kven som går vidare - og pcen skal parkerast for kvelden.

Ha ein strålande kveld, alle saman:) (og legg gjerne att ei helsing, eg ser her er mange innom, men lite helsingar...:|)

3 kommentarer:

  1. Kos deg masse på konsert :)
    Er det islandshester du har?
    God helg vidare!!
    Klem

    SvarSlett
  2. Åååååååååå ej me vil på VAMP...men trukje d passa imorga dessverre :(
    Flott at Julianne hjelpe dej å lufte Lea, ikkje kjekt å føle at en ikkje strekke til. Men virka no som Lea he d kjempefint utme dej.

    SvarSlett
  3. Ah, Vamp ja :) Bjørn Ottar fekk billett til det med meg i bursdagsgave;) og ej stille som barnevakt, hehe :p Sann e det...

    Kjekt at Julianne vil ri Lea litt da :D

    Ej trur ej kjeme snarast på besøk til dokke, he litt "Lea-abstinensa", hehe :p Det e tre måneda sida ej besøkte ne sist, so d e vel på tide :)

    SvarSlett