mandag, april 06, 2009

Vi har hatt besøk!

Bilde307

I dag har vi hatt besøk i stallen, av Janita (Lea sin eigar) og vesle Abel! Var utruleg kjekt å få helse på Abel, som har rukke å blitt fem veker no. Men helldussan så liten likevel ;o)

Det er tre månadar sidan sist Janita var her og helste på Lea, så gjennsynsgleda var stor for både to- og firbeint, og ekstra kjekt var det no at Janita fikk kome seg på hesteryggen igjen, så vi hadde oss ei fin runde i vårveret. Eg trilla Abel, og Lea bar Janita fint på tur.

Det var også ganske fascinerande og litt rørande å sjå kor nysgjerrige og forsiktige begge hestane var på Abel. Lea helste på han både i vogna og inne i stallen, og var tydleg nysgjerrig. Det samme var Sugar. Dei er no litt kloke desse firbeinte!

Tusen takk for besøket begge to! Vi gler oss til neste gong:) Fleire bilder kjem på hestebloggen vår – litt seinare i kveld (eller noko sånt).

Og forresten – no er det PÅSKEFERIE!!

5 kommentarer:

  1. Så koselig med baby og hest:)

    Eg trur nok at hestar er veldig kloke, ja.

    Håper dokke har ei fin påske!!

    SvarSlett
  2. Så koselig!!!
    Ønska deg riktig fin påske!!
    Klem

    SvarSlett
  3. Fine familiebildet ;) Tihi!
    Va veldig kjekt på besøk :D He sendt dej bilde på mail:)

    SvarSlett
  4. Å kor rørande då! Og sikkert kjekt for Janita og sjå at Lea he d so bra me dej :)

    SvarSlett
  5. Hei.. ville berre innom og ønske deg god påske. Blir ei tøff påske for oss.. det er tunge daga..

    Men no har eg plassert deg forresten.. På Biologen zoo! der eg har sett deg ja.. :)

    SvarSlett