torsdag, juni 11, 2009

Ikkje berre ris til lokalavisa…

For kulturkontoret er lokalavisa viktig å ha med på laget, så eg har ikkje berre “ris” å gi til avisa ( jf innlegget før). Dei er som regel flinke å gi oss omtalar av arrangement på Sjøborg, og det er viktig for å få solgt billettar, så klart!

Det var denne prioriteringa tysdag som var mitt poeng i lesarinnlegget. Tysdag skreiv eg lesarinnlegg, onsdag satt eg meg ned å skreiv reportasje til nettavisa deira, sidan dei hadde problem med kapasiteten ;o) Måtte flire litt då… Og eg ser den har komt på trykk i papiravisa i dag også.

Ynskjer alle ein flott dag. Her striregnar det, og Ulsteindagane er i full gang.

1 kommentar:

  1. Lokalaviser er ikkje alltid gode å forstå, det opplever me her òg. Men dei er gode å ha på lag, og det er jo flott at dei kan "outsource" litt når dei er i beit for skribentar sjølve. Flott lesarinnlegg, syns eg. (og så er det sabla godt å få skrive av seg litt av og til ;) )

    Ha ein fin kveld, og kos deg med Ulsteindagar!

    SvarSlett