torsdag, juni 11, 2009

Vernebygg i Brandal, turn på Hareid og kalvar i Gjerdsvika

image Til tross for fleire flotte arrangement i Hareid og Ulstein i helga, var dette hovudoppslaget på framsida av avisa tysdag:

Hannelore står på bås i Gjerdsvika

Bildet er lånt frå artiklen som det er linka til over.

Det var ikkje berre eg som reagerte på prioriteringa til Vikebladet – men her er iallfall mitt lesarinnlegg til avisa:

Vernebygg i Brandal, turn på Hareid og kalvar i Gjerdsvika

Det har vore ei fantastisk flott helg i Brandal i helga, med mykje folk innom både laurdag og søndag, alle fulle av lovord. På Hareid har turngruppa til Hareid IL både arrangert eit svært vellukka turnstemne, samtidig som dei også i år tok stemneprisen, fantastisk flott av både unge og vaksne.

Eg er ikkje aleine om å syns at dette har vore ei flott helg for Hareid og Brandal. Også i Ulstein har det vore fleire spennande arrangement dei siste dagane. Overraskinga var derfor stor når eg plukka opp avisa frå postkassa i dag, og tanken slo meg; er det ei lokalavis for Hareid og Ulstein, eller er det Sande som har kapra avisredaksjonen sine hjarte no?

Verken festdagane i Brandal eller det flotte turnstemne på Hareid var nemnt med eit ord på framsida. Heller ikkje opninga av nye Ulstein ungdomsskule eller dei to danseframsyningane ved Sjøborg. Derimot kan vi lese om både kalvar i Gjerdsvika og gokarten på Leikongeidet. Altså reportasjer frå Sande kommune. For all del, det er flotte reportasjar dette også, men eg trudde, og fleire med meg, at både turnstemne på Hareid, danseframsyning på Sjøborg, opning av vernebygg i Brandal og ny ungdomsskule i Ulstein var store saker som eigna seg godt på framsida?

Eg bladar forventningsfullt utover avisa, og finn heldigvis flotte bileter frå Brandal, og nokre få ord om den store nasjonale hendinga. Ja, det var nettopp det vi var vitne til i helga, ei stor nasjonal hending, og sikring av eit viktig kulturminne. Ein stor dag ikkje berre for Brandal, men for alle som har eit forhold til ishavet og norsk historie. Og det vrimla av folk på Ishavsmuseet både laurdag og søndag.

Også opninga av truleg Noregs finaste ungdomsskule har fått spalteplass i dagens avis, men så blar eg vidare i avisa, og då stussar eg verkleg over prioriteringa. Mange håpefulle turnarar og dansarar vart nok svært skuffa når dei leita gjennom avisa etter bileter av seg eller vennar, ikkje eit ord. Sjølvsagt forstår eg at avisa har plassbegrensing, men to sider om kalven Hannelore og ingenting om turnstemne på Hareid eller danseframsyningane på Sjøborg? Kalvehistoria kunne vel vore spart til agurktida kjem, og artikkel om turnstemne og dei spennande danseframsyningane få kome på trykk medan det er ferskt?

Eg vonar vi for ettertida får lese om hendingar både frå Hareid og Ulstein, med nokre drypp frå nabokommunane i blant, og vi treng å få lese både forhandsomtalar og reportasjar etterpå.

Når det er sagt, må eg få skryte av den flotte Ulsteindagane-avisa som kom i dag, sjølv om eg sakna den som pdf-utgåve.

1 kommentar:

  1. Tydeleg ikkje berre ei lokalavis som ikkje får med seg kva som skjer, eller prioriterer heilt som dei burde. Sikkert ei artig historie om den kalven, Men... skulle tru at den kunne vente til ei seinar utgave.

    SvarSlett