tirsdag, august 25, 2009

1001 – 1002 – 1003…

For nokre år sidan, tippar eg var 10-12 år gamal, huskar eg mamma fikk tilsendt eit klistremerke frå Gjensidige som stod “1001 – 1002 – 1003 Hald avstand” på, som var meint klistre på innsida av bakruta, slik at bilen bak såg det.

Eg håper nokon snart køyrer ei slik kampanje att, for enkelte bilar trur visst at dei kan køyre i gjennom bilen foran… Eg blir rett skremd, torer knapt å bremse i frykt for å få bilen bak i baken.

Forresten fortener egentlig bilen bak å få seg ein liten “kjipp”, men eg er ikkje så lysten på ein “vipplæsh”.

1 kommentar:

  1. Huff ja, det er så mange uansvarlige på vegane at eg føle meg aldri trygg i trafikken. Mange som ikkje er beviste på kor farleg det er å kjøre bil. Mykje skummelt.
    Ønska deg ein fin kveld
    Klem
    P.S...huska forøvrig desse lappane eg :)

    SvarSlett