mandag, september 07, 2009

Sandvikgarden – ein herlig stad å vere

Sandvikgarden

Søndag var vi på Sandvikgarden på Hakkallestranda. Eg har lenge hatt lyst ein tur å sjå kva Aina og familien har fått til, og i går bydde sjansen seg. Vi feira tante sin bursdag, og vi samla oss der ute, utan at tante visste om det. Gjett om ho blei både rørt og overvelda når ho såg alle saman inne på låven…!

Sandvikgarden

På Sandvikgarden har dei mange kjekke dyr, både hest og gråtass som villig fraktar dei små ei runde på garden, og ein herleg innreia låve, som byr på fantastisk mykje spennande.

Sandvikgarden 
Kunst, laga av Aina og Marit, diverse frå Rice,
spennande klær og mykje meir…

Sandvikgarden Sandvikgarden
Alpakkatråd i mange kjekke fargar, te, koppar, fat…

Sandvikgarden

Sandvikgarden Sandvikgarden

Sandvikgarden
Ein kreativ kar, som raskt fann ut korleis han fikk lyd i trøorgelet.

Sandvikgarden

Den flotte alpakka-jakka til tante.

Sandvikgarden   
To pratsomme karar…

Sandvikgarden
Ein nysgjerrig venn!

Der var mange fleire dyr, og mykje meir å sjå, men her er iallfall ein smakebit. Anbefalar alle eit besøk ut dit! Dei har ope kvar søndag heile året, frå kl 14-18.

www.sandvikgarden.no

2 kommentarer:

  1. Det såg ut som ein kjekk plass både for små og store!

    fine bilder frå Bergen - og ja, Sandsli er litt usentralt når ein er der berre eit par dagar og vil sjå seg litt rundt.

    neste gong håpar eg me får til den kaffikoppen!

    klem :)

    SvarSlett
  2. Heia! Kor artig å sjå og lese!! Ja det virkelig kjekt at dokke kom. Vi har akkurat bevega oss inn i denne bloggverda. Spennande :-) Vi har ikkje kome så langt, men du kan no sjå
    www.alpakka-no.blogspot.com
    www.krukkehuset.blogspot.com

    helsing frå Hakallestranda

    SvarSlett