tirsdag, oktober 27, 2009

På tide med eit livsteikn…

Tida flyg. Det er over ei veke sidan eg har posta på bloggen. Veit ikkje heilt kor den siste veka har blitt av. Men av og til blir det slik…

Vår 2009 008-red

No sit eg å kikar gjennom bilder frå 2009, eg hadde nok spart meg for mykje “arbeid” om eg la vekk kameraet for godt. Men det er så kjekt med bilder, at det er heldigvis ikkje eit alternativ.

Vår 2009 319

Eg må berre finne ut kva eg skal bruke alle bilda til i år ;o) I fjor blei det Mitzi-kalendar av nokre av alle dei 143.505 bilda av Mitzi gjennom 2008. Kva det blir i år, får tida vise. Det er heldigvis endå litt tid til jul, om eg skal bruke nokon av bilda til ei gåve eller tre!

Vår 2009 697-red

På jobb har den siste tida vore prega av Carola-feber. Vi har solgt ut fire fulle hus i løpet av veldig kort tid, og fortsatt kunne vi nok solgt både ein og to konsertar til, men det vert ikkje fleire i år. Ny sjanse neste år.

Carola kjem altså til Sjøborg i Ulsteinvik, i tillegg til Oslo og Lofoten i Noreg, og nokre stadar i Sverige, på juleturne. Det blir nok ei kjekk oppleving for alle dei 1900 som har fått sikra seg billett. Billettane til konsert 3 og 4 blei revne vekk på tre minutt… Det er berre heilt vilt for oss på kontoret å oppleve… Kjekt, men vilt ;o)

I morgon er det teater på Sjøborg, fredag er det konsert på Viking en og laurdag er det konsert på Sjøborg. Heldigvis mykje spennande og variert i haust også. Kik gjerne innom nettsida til Sjøborg for å sjå heile prgrammet.

Vår 2009 030 På søndag stilte vi klokka ein time tilbake, vinterstid, og dermed mørkt ein time tidlegare ute. Det føltes veldig greit å ha ein time ekstra i døgnet på søndag då, så det kan gjerne innførast kvar helg…

Men no er det nok på tide å få litt søvn på auga.

Ynskjer alle ei fortsatt fin veke!

1 kommentar:

  1. Masse fine bilder du viser.
    Blir spennande med konsert tenker eg :)
    Kos deg på teater i kveld
    Ha en riktig fin dag
    Klem

    SvarSlett