søndag, februar 21, 2010

Heimbakst

image-upload-174-768940

Fastelaven var rett nok forrige helg, og eg kjøpte ein pakke med 1-2-3-bollar som eg håpte eg skulle få teste ut forrige helg. Det blei ikkje noko av, men ei veke for seint er bedre enn ingenting, og det blei veldig gode bollar når eg baka i går.

Derfor blei det ei ny ladning i dag. Dei blei litt store, fordi dei fekk heve litt lenger enn planlagt, men dei smakar uansett nydleg, så det spelar inga rolle.

No satsar eg på at layouten ikkje tullar seg til igjen i det eg publiserer. Om det skjer, trur eg bloggen har noko i mot heimbakst ;)

God søndag!

1 kommentar:

  1. Deilig med heimebakst! Store bolla e også godt :D :D

    SvarSlett