torsdag, februar 11, 2010

Snart helg igjen!

Det har vore lite blogging denne veka, sånn blir det av og til. Og dette innlegget blir nok mest berre “babbel”.

Februar 030

Denne veka har det snøva endå meir, og litt til, og endå litt til… Sola har titta fram på dagtid (når vi er på jobb), så det har til tider vore reine “påskestemninga”. Fint er det no, men eg må innrømme at eg håper vi snart for bare vegar og markar snart!

Februar 031

I dag regnar det forøvrig, så fortsett det slik, er den vekk raskt.

Februar 069

Forrige helg var det Personalfesten på jobb, der det blant anna var utdeling av HMS-prisen for 2009 (arbeidsmiljøpris). No står det eit flott diplom på rådhuset, og kontoen til Trivselsgruppa (“sosialkomite”) er betydleg rikare. Nokon kjekke kollegaer på rådhuset har nemleg nominert oss i Trivselsgruppa, og jammen vant vi også! Tusen takk!!

 Februar 076

Ynskjer alle ein fin kveld vidare! Det er straks helg :)

Februar 084

2 kommentarer:

  1. God helg!:) Gi Lea en klem fra mej <3

    SvarSlett
  2. Påskestemning har det vore mykje av i det siste, ja. Og meir snø skal det visst verte her hjå meg òg. Istad kom det melding på fjesboka om at det skal arrangerast godt gamaldags skirenn i bygda - då lyt me finne fram utstyret og hive oss med!

    Grattis med HMS-pris, og god helg til deg og dine!

    klem

    SvarSlett