tirsdag, april 20, 2010

Di favorittoppskrift - utfordring

Det er lett å både gløyme enkle matrettar og gå litt lei i matveien, sjølv om vi har enormt mykje spennande å velge i, både til kvardag og fest. Det er også lett å gå glipp av mange spennande rettar, sjølv om du høyrer om dei, tenker du at det er for avansert for deg… og så gløymer du dei litt…

image Vi veit alle at det kan vere inspirerande å lese om andre sine mattips. Nokon har også eigen matblogg (som eg gløymer av å besøke). Men no kjenner eg at eg treng litt inspirasjon. Eg har sett innom matprat.no, og fått litt idear, men vil gjerne ha fleire!

image

Eg utfordrar herved alle (iallfall alle med blogg) til å dele si favorittoppskrift innen fylgjande kategoriar:

  • Kvardagsmat (gjerne litt rask og enkel)
  • Festmåltid
  • Dessert
  • Grillfavoritt

image

Tek du med deg utfordringa, håper eg du legg att ein kommentar om det her, slik at eg kan finne den :)

image

God tysdag, og ikkje minst:

GRATULERER MED DAGEN TIL PAPPA OG ONKEL KJELL! ♥

2 kommentarer:

  1. Fantastisk indisk kyllingsuppe!:)

    1 grilla kylling
    1 løk
    1 purreløk
    1 paprika
    - skal surrast i litt olje
    tilsett 1 liter buljongvatn
    Kok opp
    1 boks mais
    1 ts salt
    1 ts karri
    1 ts garam masala
    1 boks creme fraiche (skal i til slutt).

    Serverast gjerne med ris og brød til. Ei nydeleg suppe/gryte som fell i smak av alle!:)

    SvarSlett
  2. Yey, ej teke utfordringa! Skal lage et innlegg i bloggen min ej ;) Vekje heilt KORTI, men du fe følge me :D Viss ej rekke d no før gulle våkna so blir d no ;)

    SvarSlett