lørdag, april 10, 2010

Ny helg!

Veka har gått utruleg fort, no er det laurdag igjen, utan at eg har skreve eit einaste ord på bloggen… Sånn blir det av og til (eller ofte)…

I går var eg på ein fantastisk kjekk konsert på Sjøborg! 300 strålande nøgde publikummarar, og ikkje minst eit fantastisk fornøgd og dyktige arrangørband, samt eit dyktig oppvarmingsband!

Konserten var med GoodFeel, eit lokalt band med ungdommar i alderen 17-20 år. Og Principal Radio varma opp, eit band med flinke konfirmantar, som også skriv songane sine sjølv, slik som GoodFeel!

Eg tok nokre bilder, men har ikkje kamerakabel for hand, så eg legg dei inn seinare :)

No skal eg vaske litt hus!

God laurdag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar