Tidleg fri frå jobb i dag, til fordel for jonsokfeiring i Brandal.
Ute skin sola, det er blå himmel, med nokre skyer. Det lovar bra for jonsokfeiringa! Når det er varmt nok til å sitte ute i lunsjen, er det godkjent som sommardag :o)
Mitzi gjer seg rein og fin til jonsokafta:)
Jonsok skal feirast i Brandal, med grautsal på Bedehuset, kaffi og kaker på Pakkhuset, jonsokbrudepar og bål i fjøra!
Eg satsar på at eg rekk å knipse eit par bilder også i løpet av kvelden.
God jonsok til alle saman – og velkomne til Brandal, den som ynskjer det!
16.00-19.00 Grautsal på Bedehuset. Kaffi og kaker på Pakkhuset.
18.00 Jonsokbrudepar.
19.00 Bål i fjøra.
Sindre driv forresten å varmar graut no – så det ligg an til bra graut i kveld!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar