torsdag, august 05, 2010

Grillfest på Ishavsmuseet

Fredag 6. august ynskjer Ishavsmuseet deg med familie og vener velkomne til grillkveld på Ishavsmuseet. image

Det vert sal av grillmat, kaker og kaffi. Museet har gratis inngong frå arrangementet startar klokka 19.00, der det blant anna vert vist ishavsfilm på storskjerm.

Har du enda ikkje vitja museet har du no ei gyllen moglegheit. Underhaldning vil musikarane Asbjørn og Atle stå for, mens i Aarvakbygget skal kunstnaren Tone Bjørkli stille ut oljemalerier på lerret. Den spanande kunstnaren er ifølge ho sjølv inspirert av lyset i nord med touch av dei arktiske, kalde og blå nyansane. Utstillinga er frå 6.-22. august.

Bli gjerne fan av Ishavsmuseet på Facebook, og vitj gjerne nettsida til museet, og sjølvsagt sjølve Ishavsmuseet i Brandal.

1 kommentar:

  1. Så mykje kjekt som skjer der oppe hjå deg! Lenge sidan eg har vore innom no, med arbeid i huset, turar hit og dit, og no denne veka ny-flytting :)

    I skrivande stund sit eg på Rustberg camping i Øyer, og imorgon skal me på Mjøsmarknaden og sjå om me kan gjere nokre kupp ;)

    Håpar du har det fint der du er!

    SvarSlett