lørdag, november 27, 2010

Pyntar du til advent eller til jul no?

På butikken i går hørte eg to damer diskutere om raud pynt: "Ja, men du pyntar til jul du no, eg pyntar til advent eg!”

image

Fjorårets adventskrans, første søndag i advent. Så langt har vi ikkje komt i år - endå…

Og det har vel gjerne blitt litt slik? Nokre hoppar over den lilla pyntinga. Er det den yngre generasjon som har valt å hoppe over adventpyntinga, eller er det litt tilfeldig? Er det eit resultat av tidsklemma at ein hoppar over lillapyntinga? Eller er det fordi ein vil kose seg med julepynt lenger - for “å pynte til advent” betyr nødvendigvis ikkje meir pynting enn adventskrans, julestjerne og adventsstake (sjuarma)…

image

Bilde frå fjorårets jul, tatt på julafta.

Uansett om du pyntar til advent eller til jul i desse dagar - god helg!

I morgon er det første søndag i advent - og juleverkstadPakkhuset - frå på 12.00 og utover. Kom om du vil :o)

God helg!!

3 kommentarer:

  1. Lite lilla pynt her i huset, men det er nok meir fordi eg ikkje finn lilla pynt eg likar... Startar pyntinga i dag og imorgon, vil heller ha jul no før jul enn til langt ut på nyåret.

    SvarSlett
  2. God spørsmål i grunn ;)

    Trur eg pyntar til advent, sjølv om eg ofte heng opp julegardinene (som er raude) til 1. søndag i advent. Ellers går det i lilla lys, julestjerne i vinduet og sjuarmar :)

    SvarSlett
  3. Lite pynting her også gitt.... men må vel sjå om ej ikkje fær leita fram stjerna i morga :) om ikkje nåkke anna så kan ej no pynte til advent ej da :)

    SvarSlett