mandag, januar 17, 2011

Lea Rolita til minne♥

Janita har også skreve ein minneblogg, som du finn her.

Lea Rolita, hesten eg hadde på for i nesten to år, måtte vandre over til dei eviggrøne markar måndag 10. januar.

Nyttår 206

Sjølv om det er over eit halvår sidan Lea reiste tilbake til Volda, er ho stadig i tankane mine, og kanskje spesielt sidan ho var så sjuk som ho var medan eg hadde ho, og ho overlevde...

Lea 046

Lea reiste tilbake til eigar Janita i mai 2010, og blei så solgt vidare i september.

Lea har virkleg fått sin del av plager dei siste åra. Først den flåttbårne sjukdomen anaplasma (då eg hadde ho), deretter forfangne bakhovar som resultat av medisinering, og når alt såg fint ut, knekte ho ut store bitar av framhøvene, og no har ho hatt kolikk, to gongar i løpet av den siste månaden.Stallen 034-kopi

No har ho heilt sikkert funne att Rola, mammaen sin, som ho bodde saman med nesten heile livet, og storkosar seg med eviggrønt gras i ekte Lea-ånd, utan smerter, der ho får vere sin eigen sjef.

Desember 067

Takk for alle minna. Og takk til Janita, for at eg fekk bli kjent med Lea.

image

Kvil i fred, vakre venn!

2 kommentarer:

  1. Huff, trist at ho måtte avlivast, men ho he det bra no, ilag med Rola :)

    SvarSlett
  2. Marianne Dolmen7:18 a.m.

    Dette var trist å høre Annika.. Leit at hun var så mye plaget :(
    Men hun har det godt nå og lever videre i minnet. *Klem til deg vennen*

    SvarSlett