tirsdag, februar 08, 2011

Heimelaga knekkebrød

Eg er ikkje av dei som bakar mest, og eg har tenkt at å bake knekkebrød også sikkert er ein del styr… Men heldigvis testa eg ut for nokre dagar sidan, og det var veldig enkelt, raskt - og ikkje minst godt!

IMG_1247

Det fins nok mange ulike oppskrifter på knekkebrød. Eg valde denne, som eg fann på bloggen Silje-Sin:

2 dl lettkokte havregryn
2 dl sammalt rug (fin eller grov)
2 dl solsikkekjerner
2 dl sesamfrø
2 dl havrekli
1 dl kruskakli
2 dl linfrø
2 ts salt
7,5 dl vatn

Alt blandast i ein bolle, og skal svelle i omlag 10 minutt.

IMG_1248

Blandinga fordelast på tre steikebrett, og smørast ut med ein slikkepott.

Steikast i omnen på 150 grader, varmluft. Alle tre bretta kan stå i omnen samtidig.

IMG_1250

Etter ti minutt kan du ta ut bretta og dele dei opp i passeleg store knekkebrød med ei pizzarulle. Deretter kan knekkebrøda stå i ein time og eit kvarter. Dei siste 5-10 minutta kan døra med fordel stå opa, for å fjerne fuktigheit.

IMG_1270

Avkjølast på rist, og leggast i lufttett boks.

image

Bon apetitt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar