tirsdag, februar 01, 2011

Julegåve, blomar og gevinst

Eg har nokre dagar med sein jobbstart, og kan då bruke lang tid heime, med god tid til blant anna frukost.

I dag rakk eg også å få eit snev av vårfølelse, sidan det var fint dagslys (ikkje sol endå då, men det nærmar seg!).

image

På bilde over viser både julegåve (duken), blomar frå Hareid Venstre (tulipanar) og ein primula i herlege fargar, som eg var så heldig å vinne på årsmøte til Hareid Venstre forrige veke.

Sindre lurte på kva bra eg hadde gjort for å få blomar. Mitt svar: “Slutta som leiar i styret”. Men det var vel heller som takk for innsatsen, vel eg å tru.

Jaja, blomar til takk for innsatsen eller takk for du sluttar - det er kjekt med plussgrader ute, og isen er vekk. Broddane mine har godt av litt kvile no, men skal ikkje pakkast vekk endå - for det vert vel meir is om kort tid…

God tysdagskveld - og husk sesongavslutninga i Greys Anatomy på TV2 i kveld!

1 kommentar:

  1. hehe, så fin duk du har æ ;) sånn har jeg også, julegave fra svigermor :)

    SvarSlett