torsdag, mars 31, 2011

Oi då!

Her manglar blogglysta… Det er nesten to veker sidan forrige innlegg, og endå lenger sidan eit skikkleg innlegg, men, men. Sånn blir det berre i blant!

IMG439

Mitzi hjelper meg gjerne å strikke, eller iallfall å holde kontroll på tråden! Og akkurat no prøver ho å hjelpe meg å blogge…

Ute ligg snøen kvit, gradestokken viser nokre plussgrader, og snøen smeltar heldigvis frå vegane. Min snille onkel har også pløgt vegen opp til oss no, så om mildveret held fram no, kan vi snart kjøre opp igjen Smilefjes

IMG515

Enn så lenge spaserar vi nokre meter.

IMG442

Eg har ikkje strikka så mykje i det siste, held på med eit Venstre-grønt sitteunderlag, men sidan eg ikkje fann att siste trådnøste, har det blitt liggande ei lita stund… Kanskje eg skal strikke det ferdig i dag… Kanskje!

IMG462

Brandal 19. mars. Det er skjønt når sola tittar fram!

IMG469

Mitzi undrar seg over ein liten pusekatt, men han fikk ikkje vere der lenge… Få sekund etter sparka ho til han, men eg rakk å ta han før han gikk i bakken (og evt tusen knas). Ho foretrekk nok å regjere aleine ja!

IMG480

Eg var ein tur i Molde forrige veke, og det bles opp til storm når vi skulle heim. Viser ikkje så godt på bildet då… Men det var no iallfall bilde av noko anna enn Mitzi og Brandal Smilefjes som blunker 

IMG483

Sist helg var vi i Oslo. Igjen for meg. To gongar i løpet av ein månad er ikkje verst… Sindre fikk billettar til Top Gear Live i Oslo Spektrum i julegåve, så vi har gleda oss til tur lenge! Mitzi håpte ho skulle få bli med i kofferten, men måtte gi tapt… Trur nok det var like greit Smilefjes som blunker

IMG495

Vi “gikk oss på” kjentfolk i sentrum, kjekt å treffe Anja og Kai!

IMG499

Og endleg fekk eg sett Operabygget, som eg har hatt lyst til lenge. Legg merke til snøfri Oslo!

…og dette møtte oss då vi kom heim:

IMG502

IMG503

Men jammen er det no fint med snø då! Alt blir så reint og flott.

IMG511

IMG514

Og reine påskestemninga når sola tittar fram Smilefjes

IMG523

IMG524

That’s all for now! God torsdagskveld!

1 kommentar:

  1. elska utsikta frå huset ditt når det e fint ver! :)

    kjekt me innlegg frå dej igjen, men bra d ikkje berre e mej so blogga i rykk og napp ;)

    SvarSlett