lørdag, juli 16, 2011

Karane er heime att

Sindre og Stian kom heim i 16.30-tida i går. Dessverre måtte dei gi seg når dei var komt nesten til Alme. Les meir om det på bloggen her. Men dei har hatt ein super tur, uansett, og eg er imponert over pågangsmotet! Ei flott bragd, og dei har nok tilbakelagt 100.000 skritt i løpet av turen  og mellom 4 og 5 mil!

IMAG0391

Laurdagskvelden fekk vi besøk av ein kjekk gjeng, og kosa oss med reker. Men eg har faktisk ingen bilder, verken av reker, folk eller anna frå kvelden…

IMG873

Fredagskvelden hadde vi besøk av to firbeinte i Indredalen. Dei stoppa på kjente trakter, eit par gardar nedom her, der dei stort sett er på sommarbeite kvart år. Men ikkje endå i år. Dei syns tydlegvis det var på tide då!

I bakgrunnen på bilde ser vi litt av murane til nytt hus. Blir kjekt med nye/fleire naboar! Muren blei støpt fredag, så eg skvatt litt når eg då kom køyrande forbi, og det første eg ser er ein hest 5-10 meter unna den ferske muren. Fikk tatt dei med litt lenger i frå, så kom eigar å henta dei etter kort tid.

No skal søndagen nytast. Er litt usikker på om Sindre klarer å gå i dag, men ei god natt søvn har nok uansett gjort godt!

God søndag!

2 kommentarer:

  1. Riktig god sommer til deg og dine fortsatt!

    Stor klem fra Livy

    SvarSlett
  2. Spreke karar!

    Håpar sundagen har vore fin, og gler meg til å helse på deg uti veka!

    forresten... du skreiv at de skulle køyre til Bergen fyrste dagen, og så komme hit onsdag el torsdag... du hugsar at Evanger er på veg frå deg til Bergen, sant? sånn ca, iallefall. Og om de ikkje har booka overnatting i Bergen, så kan eg verkeleg anbefale sommarbustadane til Patina, som du kan sjå både i bloggen min og deira ;)

    SvarSlett