tirsdag, juli 12, 2011

Positiv til innvandrarar

…eller FOR positiv til innvandrarar?

image

Den tidlegare leiaren av Norsk Folkeparti, Oddbjørn Jonstad, meiner at eg er for innvandringsvenleg. Han oppmodar til valboikott, av meg og mitt parti.

Jonstad har laga ei liste med foreløpig 13 namn, som i følge han bør boikottast i årets val. Lista kan du sjå her.

Eg blei litt overraska over saka, men har ingen problem med at eg står på denne lista. Vi treng innvandrarar i Norge. Vi treng arbeidskraft. Det standpunktet vil ikkje endre seg for meg. Kva hadde industrien i Møre og Romsdal vore utan arbeidsinnvandring?

Venstre er for innvandring, men vi må også syte for at det både blir stilt krav til dei som kjem til landet, og vi må ha ressursar for å integrere dei. Vi skal ikkje vere ukritiske, men ein balansegang.

Innvandrarane må finne seg i same regelverk som nordmenn. Og vi må respektere kvarandre.

Eg respekterer at vi har ulike meiningar i samfunnet, både om innvandring og andre saker, men å oppfordre til boikott fordi vi som ser på innvandrarane som ein ressurs, blir for meg feil.

Sunnmørsposten har også skreve om saka, den finn du her.

2 kommentarer:

  1. heei! har laget ny blogg nå! skal slette denne bloggen min!! den nye bloggen min heter Victoria`s lune hule

    SvarSlett
  2. Eg syns det er meir som ei æresbevisning å stå på den lista;)

    SvarSlett