fredag, juli 15, 2011

Sindre og Stian på tur

For ei tid tilbake kom det på snakk å gå rundt øya, altså rundt Hareidlandet. Det syns Sindre og Stian hørtes ut som ein god plan å gjere i sommar!

kart

Planen var å gå jonsokhelga. Då blei Sindre sjuk. Så var planen å gå førre helg. Då regna det trollkjerringar og litt til. Alle gode ting er tre, så denne helga blir det!

sindre_stian

Veret er på deira side, og dei starta å gå frå Brandal kl 09.00. Dei går i retning Kvitneset, deretter fjøra over til Flø. Planen er å kome til Eiksund i kveld, trur eg, og å gjennomføre på under 48 timar.

IMAG0320

Kl 09.47 Skobyte på Kvitneset, klar til fjøra Kvitneset-Flø.

Dei har laga ei hending på Facebook. For dei som ikkje er på Facebook, blir det vel nokre oppdateringar (iallfall når dei er heime igjen) her på bloggen også.

God fredag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar