tirsdag, oktober 04, 2011

Hakallegarden har ope i haustferien

Forrige onsdag var vi på kulturmøte i Vanylven, og ramma for møte kunne ikkje vore bedre. Vi var nemlig på vakre Hakallegarden på Hakallestranda i Vanylven.

image

Det er imponerande flott det Aina og familien har fått til her.

IMG1184

Bilda taler for seg sjølv!

IMG1186

Eg har vore på Hakallegarden to gangar tidlegare, og det er alltid like kjekt å kome dit. Faktisk har eg vore der i tre ulike “samanhengar” no, Hakallegarden passar for både små og store!

IMG1191(1)

For to år sidan feira vi tante sin bursdag, medan i fjor sommar var vi på blåtur med ungdomsråda på Søre, med Hakallegarden som mål.

IMG1192

Denne gongen var vi litt uheldig med veret, men plassen er likevel veldig fascinerande, uansett ver!

IMG1196

Og sjølv om Aina meiner at mat ikkje er hennar sterkaste side, blei vi både mette og fornøgde etter ein herleg lunsj også!

IMG1200

For ikkje å snakke om denne nydlege kaka!

Har du ikkje vore innom Hakallegarden, anbefalar eg absolutt ein tur, anten du bor “rett ved”, eller har eit par-tre timar i reisetid. Denne veka er det haustferie, og då har dei ope kvar dag. Elles er det søndagane gjennom heile året som er dagen å finne vegen dit. Opningstidene finn du på nettsida og FB-sida deira.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar