onsdag, november 16, 2011

Firbeinte vennar

I går nytta eg meg av ein feriedag, og la turen til Øye der Sugar står no. Eg og Mariann (som Sugar står hos) skulle nemleg til Eid på veterinærbesøk med Sugar.

2011-11-15 11.19.13

Hjørundfjorden er vakker, og ferjeturen frå Sæbø til Leknes byr som regel ofte på gode motiv!

2011-11-13 12.21.12

Eg og mamma var også på besøk med Sugar på søndag. Nokre av bilda er frå då.

2011-11-13 12.21.17

Sugar har blitt litt sær på sine eldre dagar, og var derfor til ultralyd-undersøkelse på Eid. Men dei fann ingenting gale, så vi får forske litt vidare. Fekk med oss noko medisin heim igjen.

2011-11-15 14.05.06

Etter 1,5 time i bil frå Øye var vi framme på Eid. Sugar tok det ganske fint.

2011-11-15 14.27.44

Dei har bygd ut litt sidan eg gikk på folkehøgskule der i 2002/03 – og blant anna fått undersøkelsesrom med tvangsboks for hest. Sugar syns det var litt ubehagelig å stå der, men oppførte seg heilt fint egentlig.

2011-11-13 11.54.52

Det siste bildet er av Andante, Sugar sin gode venn. Han er “litt” høgre enn Sugar, men ein veldig kjekk kar!

Ein fin dag å ha fri på! Litt kaldt, men skinande sol, kjekke hestar og ikkje minst kjekt selskap!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar