fredag, desember 09, 2011

Kolonialkasse Hareid

Vidarebringer informasjon om nok eit flott tiltak på Hareid.

Teksta er skreve av Stian, eg har kopiert det frå FB-hendinga. Men sidan ikkje alle er på Facebook, og eg veit eg har lokale lesarar, bringer eg også informasjonen hit!

Stian har vorte kontakta av fleire som har valt å vidareføre ein gamal tradisjon i Hareid, nemleg "kolonialkasse". Dette går ut på at alle som ønsker kjøper inn ei kasse/pose o.l. med daglegvarer, julegåver osv. som vi kjem til å køyre ut i jula til dei som treng det.

Du kjøper diverse varer, vi fordeler etter behov og køyrer rundt.

Arnhild Teigene stiller til disposisjon eit gammalt grisehus som kan nyttast til oppbevaring siste veka før jul. Av praktiske årsakar og sidan dette vert gjort på privat initiativ er det vanskeleg å oppbevare desse varene i lang tid før jul.

Alle som vil vere med å gi kan melde seg på denne hendinga og følge med på oppdatering av info og eventuelle endringar. (gjeld Facebook her, men om du ikkje har Facebook, skal eg oppdatere deg om du vil Smilefjes)

Foreløpig har vi nok sjåførar, om vi treng fleire vert det utlyst.

Takk til Randi, Stine, Arnhild m.fl. for eit godt initiativ!

---

I staden for å gi mange smågåver hit og dit, til venninner eller fjerne slektningar, kjem eg i år til å gi bidrag til kolonialkassa. Vi har gjort liknande fleire år blant vennegjengen, og syns det er vel så fornuftig det, som å overraske kvarandre med ei lita gåve. Då er det bedre å skrive julehelsing til kvarandre, men gi gåver til dei som treng det endå meir!

Håper mange vil støtte opp om tiltaket Smilefjes

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar