mandag, februar 13, 2012

Flo & Fjøre–velkomne til opning!

IMG_5269_thumb[18]

Torsdag 16. februar opnar retrokafeen Flo & Fjøre. Bak konseptet står Oddlaug Brandal og Heidi Wingsternes. Dei held til i dei gamle butikklokala i Brandal sentrum.

Torsdag 16. februar vert kafeen open frå kl 15.00 og utover kvelden.

Det vert høve til å kjøpe kunst og handverk, og sjølvsagt mat og kaffi!

IMG_5273

Til vanleg vert kafeen open onsdagar, laurdagar og sundagar frå kl 12.00.

Utstillarar ut mars er Elin Fylling frå Ålesund, Siw Bjørlykke Styve frå Ålesund, Kari Britt Løset frå Brandal og Svanhild Yksnøy frå Ulsteinvik. I tillegg har Flo & Fjøre-damene Heidi og Oddlaug ein rekke ting dei stiller ut/sel.

Håper du tek turen til Brandal denne dagen!

Bilder kjem!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar